Det store dilemmaet: Tekst/teikning eller berre ein av delane?
av Olaf | 07.10.2011, 07:21 |
I den nyaste stripa eg publiserte av Barnemeny kom det fram ein interessant diskusjon eg synest fortener å belysast litt betre, så eg tar det opp i eit eiget blogginnlegg her. Eg er sjølvsagt interessert i kva de synest i mitt konkrete døme, men meir interessant er det kanskje å ta ein meir generell diskusjon som mange her inne kan lese og kjenne seg igjen i?
Mitt tilfelle er enkelt: Eg lager teikneseriar. Eg har med mykje erfaring og trening klart å bli sånn passe god til å skrive teikneseriemanus. Teikningane mine suger - dei har òg blitt langt betre dei siste fem åra og har sannsynlegvis nådd eit nivå der eg klarer å vise kva ting skal forestille, men BRA er det framleis ikkje, og eg har veldig langt igjen å gå før eg kjem dit.
Skal ein lage teikneseriar, bør ein helst meistre minst to ting: Ein bør vera god til å fortelja historier, og ein bør vera god til å teikna. Eg er på ingen måte den einaste her inne som eigentleg kan berre ein av delane.
Men det store spørsmålet er: Kva skal ein gjera? Skal ein reindyrke det området ein er best på, eller skal ein halde fram med å trene og trene og trene slik at ein etterkvart kan nå eit akseptabelt nivå på begge område?
Dette er ikkje eigentleg eit aktuelt spørsmål for Barnemeny, då eg tviler på at eg kjem til å lage meir av den serien enn det eg allereie har teikna. Men eg har ganske mange andre ting eg har lyst til å lage. Som alle andre her inne går eg med idear til teikneserieromanar og album eg har lyst til å lage. Og på eitt tidspunkt er eg nøydt til å bestemme meg for om eg kan klare å bli så god til å teikna at eg KAN teikna sånt sjølv, eller om eg heller bør fokusere på å lage eit bra manus og prøve å finne nokon som kan teikna dette FOR meg.
Og med det seier eg sjølvsagt ikkje at det er ENKELT å finne teiknarar å samarbeide med. Fordelen med å teikna sjølv er at då har ein tilgong på ein gratis teiknar som allereie har tømt heile sjela si i prosjektet. Skal ein klare å få ein teiknar av høg kvalitet til å teikna ein lengre serie for seg, må ein sannsynlegvis vera førebudd på å betale ein del for det.
Hovudgrunnen til at eg skriver dette er sjølvsagt at eg vil vite kva DU meiner om det, så ver så snill å skrive ein kommentar under. Kanskje vi til og med får ein interessant diskusjon om dette - som sannsynlegvis kan vera interessant for fleire enn berre meg.
Del på Facebook | Del på Twitter
3 kommentarar
Frk. Blips skreiv:
Det går jo an å velge begge deler: tegne de overkommelige prosjektene selv, og bruke flinkere tegner på de prosjektene der du ønsker/behøver en proffere stil?
07.10.2011, 07:36:19
Knut R Knutsen skreiv:
Eg teiknar sjølv, men eg har og skrive manus til andre med både positive og negative resultat. Det kjem heilt an på korleis samspelet er. Ein betre teiknar som respekterer manusforfattars arbeid (ikkje ukritisk, men slik at eventuelle endringar er del av ein samtale, ikkje berre gjort på eigenhand) og kjem med eigne innspel kan heve nivået betrakteleg. Til og med ein teiknar som er mindre dyktig men har ein interessant strek, kan produsere eit meir interessant slutt-resultat. Men ein teiknar som ikkje følgjer manus, som ofrar historie for kule bilder eller forenklar for å bli tidleg ferdig, kan vere eit ork å jobbe med.
Eg har sjølv jobba ein del med teiknaren Dave Windett på korte serier som ikkje har kasta av seg noko, og det er klart at det er måte på kor langt ein kjem utan finansiering (som proff kan ikkje Dave ofre arbeidsdagar på ting som ikkje sel, og eg er ein av 4-5 manusforfattarar han jobbar med på "spec" dvs ufinansierte prosjekt)
Det er jo slik at så lenge ein ikkje har "brutt igjennom" så jobbar dei fleste i bransjen (teiknarar og manusforfattarar) gratis, men etterkvart som ein får pengar for det så må ein berre seie nei til å gå attende til å gjere arbeid gratis. Med unnatak av veldig spesielle prosjekt.
Sjølv er eg framleis i "gratisfasen", og kjem nok til å vere der ei god stund til. Men det er jo klart at som manusforfatter så er det første ein må tenke på viss ein skal få ein teiknar med på eit ufinansiert prosjekt, at dette må vere like mykje teiknarens baby. Det må vere rom for at teiknaren kan uttrykke seg sjølv, vise kva han kan, kome med innspel etc. Der er mange teiknarar og som anten vert "typecast" eller oversett fordi dei jobbar med litt trøytte seriar, som ser etter gode prosjekt som kan gi dei ein push og gjere dei meir synlege i arbeidsmarknaden.
Ein får ikkje ein teiknar av høg kvalitet til å jobbe for seg gratis, men ein kan få ein teiknar av høg kvalitet til å jobbe med seg gratis. Sålenge det er snakk om eit fullverdig partnerskap der teiknaren kan sjå på sitt arbeid som ein investering. Men då må ein vere god nok til å skrive og.
07.10.2011, 09:13:00
Levi skreiv:
Jeg syns ikke du tegner SÅ ille (jeg fant nettop en serie du har laget som heter Pacham). Jeg tror Tom Ostad sa i et intervju at manus/poeng var viktigst og at man kan til og med tegne strekfigurer så lenge poenget blir bra. Men selvsagt er det spennende med tegnere med litt særegen stil. Ola Lysgaard, for eksempel.
08.10.2011, 08:38:58